mandag, september 14, 2009

Hyen - Gaular 2: 8-1!!

Det er så digg med sånne kampar. Vi får masse rom overalt, og god tid med ball. Vi rullar over motstandaren. Vi vinn 8-1.

Ola Alexander gjer ein fantastisk jobb med å lage film frå kampane og legge det ut på www.hyenfotball.com, så her kan du nyte nesten alle måla frå gårsdagens kamp!




"Bergprekenen tvinger oss til å se den store avstand det er mellom Gud og oss, og at alle forsøk på å redusere denne avstanden ved på en eller annan måte å moderere kravene, er å miste poenget totalt."

torsdag, august 06, 2009

Etter fleire ønskje om bilete kjem det likevel!

Eg har funne nokre bilete som er verdt å få ut på veven etter Latviaturen. Her kjem dei.

Før vi reiste til Grimerud, tok vi ein tur ut i den flotte samarbeidsløypa til Nordfjord Folkehøgskule.

Her gjeld det å konsentrere seg og holde balansen!




Birgitte og Amalie på veg ut i "lavaen"..

Malin klamrar seg til toppen!

Eirik og Birgitte har gitt alt!
Alle kom seg opp til slutt :)

Og blåbæra var komne, sjølv om dei var litt sure.


Latvia! Her held Evy Marie vitnesbyrd!


Og her viser vi "Lifehouse"-dramaet til pinsemenigheten i Gardene. Dei vart skikkelig rørt! Her er vi midt i den villaste scena, der Evy Marie blir knallhardt behandla av resten av gjengen.

Blinkskudd!

Sneglen som vi fann i vegkanten. Finfin. Det er artig å sjå dyr som vi ikkje ser i Norge, så vi stoppa skikkeleg opp.

Her er vi på tur i ein park. Det var ein park for barn, med små "dverghus".

Men jammen kom ikkje Linda seg inn likevel!

Og Sebastian tok seg ein tur oppi brønnen. Sebastian reiste utan eiga ungdomsgruppe på Mission Adventures, så då vart han med i gjengen vår! Heldige oss! Sebastian og eg hadde eit råbra mål i fotball-landskampen som endte 4-4.

Mini-mølle-Malin

Og Bendik skulle ikkje vere noko dårlegare :)

Ein latvisk dverg-utedo! Den ser jo faktisk brukt ut..

Her er frå gatemøtet måndag! Her dansar Amalie, Andreas og Birgitte "I love Jesus"-dansen! Gjett om det var kult då!

Vi hadde mange fans i Latvia. Sidan vi arrangerte 5 dagars barneleir, fekk vi god kontakt med ungane, og 50-60 av dei sa at dei trudde på Jesus då leiren var over.

Familien Myklebust. Ein herleg gjeng. Vi var så heldige at dei budde i Gardene nokre av dagane!

Her har vi nokre av ungdommane vi var i lag med, og spelte fotball og basket i lag med bl.a. Latvia slo Norge i basket sjølv om dei var 2-4 stk på bana og vi var over 10. Etter kampen sa eg til ein av dei: "Latvia wins." Då sa han: "No, no. Friendship wins!"
-
Og til de som var med til Latvia: Eg snakka med Linda i går, og
ho kunne fortelje at dei skulle starte opp med ungdomsmøter i kyrkja no! Ikkje dårlig :)
-
"I mange år hadde jeg tenkt på bergprekenen som en oppskrift for menneskelig livsførsel som det ikke var mulig for noen å følge. Da jeg leste den igjen, fant jeg ut at Jesus ikke sa dette for å legge tunge byrder på oss, men for å fortelle oss hvordan Gud er."

søndag, august 02, 2009

Bilder frå Latvia

Ok, eg HADDE tenkt å legge ut nokre bilete, men etter å ha sett Amalie sitt fantastiske innlegg er det nedprioritert. Eg gjer det berre så enkelt at eg legg ut ein link i staden!



http://takilje.blogg.no/1249135080_latvia__react.html

Sjekk ut den!

"Når jeg ser tilbake på Jesu tid fra nåtidens perspektiv, er det merkelig nok nettopp det alminnelige og ordinære ved disiplene som gir meg håp. Jesus valgte åpenbart ikke sine venner på grunnlag av medfødte talenter, fullkommenhet eller anlegg for å bli noe stort. Mens han levde på jorden, omgav han seg med alminnelige mennesker som misforstod ham, mislyktes i å utøve særlig stor åndelig styrke og iblant oppførte seg som besværlige skoleunger."

onsdag, juli 29, 2009

Gardene, Latvia 09! (Jesus is Alive)

Hey hey! No sit eg paa internettkafe i Riga og er paa veg heim fraa ei kjempeveke i Gardene. Vi har hatt barneleir med ca. 50 born innom, og treft mange bra folk.

Dessuten hadde vi gatemote, der vi viste fram vaart raasterke drama, og i lopet av veka har ca 50 stk bekjent si tru paa Jesus. Gode saker for ein landsby i Latvia!

Eg og Berit har hatt ein herlig gjeng med sporty ungdommar med oss: Eirik, Stian, Bendik, Sebastian (fraa Eiken), Andreas, Helene, Evy Marie, Aashild, Birgitte R., Birgitte F., Malin, Linda og Amalie! Bilder kjem snart, i mellomtida kan du nyte He is alive fraa Soul Children festivalen 2009!







"Mennesker er ikke uten videre villige til å erkjenne sin egen fortvilelse. Når de gjør det, er himlenes rike nær."

lørdag, april 25, 2009

Kunst på høgt nivå!

Ver klar for å bli overraska! Det er imponerande kva ein gjeng sauebønder kan få til med sauene sine!




Manglar ein del av bildet? Her er linken til videoen: http://www.youtube.com/watch?v=D2FX9rviEhw&feature=related

"Disiplene (...) De hadde lært at når Guds synes å være lengst unna, er han kanskje nærmere enn noen gang, når Gud synes å være maktesløs, er han kanskje mektigere enn noen gang, når Gud synes å være mest død, vender han tilbake igjen til livet. De hadde lært å aldri gi opp Gud."

lørdag, april 11, 2009

God påske!

NB: Sterke scener.




"Å drepe Jesus var som å prøve å fjerne løvetann ved å blåse bort frøene."

mandag, mars 30, 2009

Bibellesering!!


Om du bibel har
Og du søker svar
Skjønner ingenting
Bibellesering!!


(Melodi:
C-C-C-C-C
E-E-E-E-E
G-G-G-G-G
C*-C*-C*-C*-C*!)

*Ein oktav over den andre C'en!

-------------

Eg og Sigmund (Omvik) har starta vår eigen bibellesering! Vi held til i vinterhagen. Vi er foreløpig ein liten ring, men blir gjerne fleire!

Vi kjem til å fokusere på Salomos Ordtøke til å begynne med. Vi tar ca. 3 kapittel om gongen og kommenterar fortløpande etter kvart vers.

Over kan du synge vår vesle "bibellesering-theme" (bokmålversjon) og sjå logoen vår!!

"Genial, utemmet, øm, kreativ, uforutsigelig, uutryddelig, paradoksalt ydmyk - Jesus tåler en nærgående gransking."